Totalt antall sidevisninger

21 september 2006

Lady Spring Wood Mosaic Trail




I dag har det vore over 25 grader i skuggen, sol og ein god del vind. Guro og meg har vore på skogstur og gått ein liten rundtur og sett på mosaikk. Det var ein fin tur, men litt hard for vogna. Me mista nemleg tri deler. Små og svarte. Ikkje lett å finna att. Men dei var vesentlege, så me måtte ut ein tur att. Til all lukke, fann me dei. Hurra! Og så fekk Frode og sett denne skogen. Ganske frodig skog. Masse brennesler og noko som såg ut som rabarbra. Heldigvis hadde dei bygd opp store delar av stien med plankebruer, så då slapp me å brenna oss så mykje.

Ingen kommentarer: